Dette er dei 20 økonomane VG brukte som ekspertar. Illustrerer dette også korleis det ser ut i faget økonomi? (Faksimile frå VG 24. oktober 2014)

Økonomifaget er fortsatt ein mannsbastion

Då VG presenterte landets 20 fremste fagøkonomar, fanst det ikkje ei einaste kvinne mellom dei. – Økonomi er eit mannsdominert fag, stadfestar økonom Karen Helene Ulltveit-Moe ved Universitetet i Oslo.

09. desember 2014

I kjølvatnet av at regjeringa la fram statsbudsjettet for komande år, kunne VG.no i slutten av oktober melde at dei 20 fremste fagøkonomane i Noreg nesten unisont stemte ned regjeringas skattepolitikk. Saka var illustrert med portrettfoto av dei 20 økonomane, som lesarane kunne klikke på for å sjå deira meining om statsbudsjettet.

Mosaikken av portrettfoto gjorde det tindrande klart at Noregs toppøkonomar utelukkande er kvite, godt vaksne menn. Er det verkeleg representativt for situasjonen i dei akademiske økonomiforskingsmiljøa?

Objektivitet viktigast

– Vi var absolutt ikkje nøgde med å vise fram eit slikt utval, og vi skulle gjerne hatt ei betre kjønnsfordeling, seier VG-journalist Eirik Mosveen som hadde ideen til saka.

Når utvalet av økonomar likevel blei som det blei, kjem det av at VG brukte ei internasjonal rangering av økonomiforskarar, den såkalla RePEc-lista (Research Papers in Economics).

– Hadde vi laga vårt eige utval av norske samfunnsøkonomar, ville det ikkje vore noko problem å få til ein betre kjønnsbalanse. Men poenget vårt var at denne lista er internasjonal og basert på vitskaplege publikasjonar. Det er ei liste som Noreg ikkje har noka form for påverknad på. Dermed kunne ingen skulde oss for å sette i hop ei liste med politisk slagside, seier Mosveen.

Ekspertlista er basert på sjølvrapportering

RePEc-lista rangerer 86 norske økonomar, og i november-utgåva av lista var 7 av dei kvinner. Første kvinne på lista er professor ved Økonomisk institutt ved Universitetet i Oslo, Karen Helene Ulltveit-Moe, på ein 21. plass.


Professor Karen Helene Ulltveit-Moe ved Økonomisk institutt på Universitetet i Oslo, fortel om mange kvinnelege stipandiatar, men få kvinner i faste vitskaplege stillingar. (Foto: UiO)

– Eg vart kontakta av VG i samband med den saka, men eg var på jobbreise akkurat då, og kunne ikkje sette det øvst på prioriteringslista mi, seier ho.

– Er alle samde om at lista reflekterer kven som er dei fremste økonomiske ekspertane i Noreg?

– Det lista nok viser, er at økonomi framleis er eit svært mannsdominert fag, seier Ulltveit-Moe.

RePEc samlar og rangerer informasjon om publikasjonar innanfor økonomifaget, om vitskaplege forfattarar, om siteringar og nedlastingar av artiklar, og om kva for institusjonar forskarane er tilknytta. Sidan prosjektet starta i 1997, er listene frå RePEc blitt stadig meir brukt til evalueringar i fagmiljøa, til dømes ved tilsettingar.

Ein artikkel som skildrar metodane for datainnsamling og rangering i databasen, viser at forfattarlista er mykje basert på sjølvrapportering. Forlag må passe på å registrere nye artiklar med forfattarnamn, og forfattarane sjølve må passe på å halde sin eigen bibliografi oppdatert.

Mangelfull liste

– Sidan eg byrja i faget, er det blitt eit mykje sterkare fokus på rangeringar. Når det gjeld denne lista, må du som forfattar sjølv registrere deg, og passe på at alle opplysingane er oppdaterte. Det er mykje jobb. Eg kjenner også til fleire økonomar som ikkje har meldt seg på. Kanskje fordi det tek for mykje tid, eller fordi dei rett og slett ikkje er så opptekne av å vere synlege. Har du gifta deg og skifta namn, blir registreringsjobben ekstra krevjande, seier Ulltveit-Moe.

Eirik Mosveen frå VG meiner at RePEc-lista på ingen måte er ei perfekt avspegling av kven som er dei beste økonomane i Noreg, men likevel det næraste ein kjem eit objektivt utval, som var hovudpoenget for VG i denne samanhengen.

– Eg visste at dette kunne bli ei farleg sak for regjeringa, fordi det store spørsmålet var om regjeringa har fagleg dekning for påstanden om at senking av formuesskatten fører til vekst. Eg hadde all grunn til å tru at det var ei ganske unison semje om det motsette mellom norske samfunnsøkonomar, og eg tenkte at ved å bruke denne lista, kunne vi få stadfesta eller avkrefta det. Hadde vi gjort eit eige utval, ville vi stå lagleg til for skuldingar om kampanjejournalistikk frå regjeringa. Sidan vi brukte ei internasjonalt utforma liste, ville det også ha vore desto meir interessant dersom personane vi snakka med, faktisk hadde representert ulike syn, seier han.

Mannssentrert økonomifag

Økonomifaget er altså ikkje noko meir kjønnsbalansert i likestillingsnasjonen Noreg enn i andre land. Margunn Bjørnholt, som er sosiolog med bakgrunn i økonomi, og direktør ved det uavhengige forskingsinstituttet Policy and Social Research, trur det er ein samanheng mellom mannsdominansen og ei fagleg einsretting ved universiteta.


Sosiolog Margunn Bjørnholt meiner at det manglar ein grunnleggjande fagkritikk av økonomifaget. (Foto: Anita Haslie)

Ho har nyleg vore med på å redigere ein antologi tileigna Marilyn Waring, ein av dei fremste grunnleggjarane av fagretninga feministisk økonomi. I innleiingskapittelet i boka argumenterer Bjørnholt og medforfattaren Ailsa McKay for at økonomifaget tradisjonelt er mannssentrert.

– I boka diskuterer vi at det faglege perspektivet, det underliggjande menneskesynet, og dei økonomiske modellane som det blir undervist i og som i neste omgang dominerer politikkutforminga, er veldig snevre, seier Bjørnholt.

Økonomi er ikkje naturgitt

Ho meiner vi manglar både grunnleggjande fagkritikk og ein kritikk av økonomien sin plass i samfunnet.

– Det kan jo verke som om økonomi er ein gitt struktur som både menneske og miljø må underordne seg. Men det finst andre retningar innan økonomifaget som seier at økonomi ikkje er naturgitt, men ein konstruksjon som skal tene menneska og som må finne stad innanfor menneskelege og miljømessige rammer. Slike perspektiv kjem fram i ulik grad i andre land, men i Noreg ser dei ut til å vere framandord, og dei blir ikkje underviste på norske universitet.

– Finanskrisa har heller ikkje ført til nokon revisjon av pensum eller kva som blir definert som viktig i økonomifaget, og eg tenkjer at det er ein samanheng mellom det som blir undervist, og mannsdominansen. Vi manglar til dømes ein kritikk av kva konsekvensar dei rådande økonomiske modellane har for likestilling.

Stipendiatane som forsvinn

Bjørnholt peikar på at mange tradisjonelle kvinneaktivitetar framleis ikkje blir rekna som ein del av økonomien fordi dei ikkje nødvendigvis blir kjøpte og selde på ein marknad.

– Om det berre er livserfaringane til den eine halvdelen av folket som blir mata inn i den økonomiske tankegangen, får ein ingen motstand mot eit kjønnsblindt bilete av verda. Eg har høyrt fleire kvinnelege økonomar seie at dei kjenner seg framandgjorte på faget fordi det har så lite med livet å gjere. Faget dekker ikkje deira røyndom, seier ho.

Karen Helene Ulltveit-Moe trur det er strukturelle årsakar til den skeive kjønnsfordelinga.

– Eg var den første kvinnelege professoren på instituttet, som er eit gamalt institutt, og det blei eg i 2005. No har eg ein kvinneleg professorkollega. Mellom stipendiatane er det mange fleire, eg trur det må nærme seg femti prosent. Men å få rekruttert kvinner inn i faste stillingar, på dei premissane instituttet legg til grunn, viser seg å vere vanskeleg, seier ho.

Speglar forskingstrendar

Når det gjeld variasjonen – eller mangelen på variasjon – i fagleg ståstad, meiner Ulltveit-Moe at ekspertlista speglar kva for forskingsfelt som er populære i augneblinken.

– Det er trendar i forsking som i alt anna. Då eg starta, var det meste av forskinga knytt til teoriutvikling eller til testing av hypotesar basert på økonomiske teoriar. No er empirisk forsking à la «Freakonomics» in, og særleg empiriske studiar av sosiale faktorar og deira innverknad på alt frå karakterar til sjukefråvær. Ein har teke i bruk økonomiske metodar på andre samfunnsvitskaplege arenaer, og forskinga er ikkje nødvendigvis forankra i økonomisk teori, seier ho, og legg til:

– Men om desse trendane også speglar kva folk utanfor forskingsmiljøa er opptekne av, er eg ikkje viss på.

Databasen Research Papers in Economis (RePEc)

Ein desentralisert internasjonal database med vitskaplege artiklar – både utkast og publiserte i tidsskrift – og programvare knytt til økonomiforsking.

Informasjonen i databasen dannar grunnlag for rangeringar av økonomiforskarar og forskingsinstitusjonar.

344 norske forskarar tilknytta 40 institusjonar er i skrivande stund registrerte i databasen.

Den norske rankinglista dekkjer per november 2014 86 forskarar, av dei 7 kvinner. Første kvinne på lista er professor Karen Helene Ulltveit-Moe ved Økonomisk institutt, UiO, på ein 21. plass.

Forskarane må sjølve registrere seg i databasen, og syte for at informasjonen om artiklane deira er oppdatert.

Se også