Krev betre statistikk

– Utan grundigare statistikk er det vanskeleg å vurdere om politiske tiltak har den ønska effekten, seier Ernst Kristiansen i Kif-komiteen.

Ernst H. Kristiansen, konserndirektør i SINTEF og plassjef for SINTEF Oslo. (Foto: Åse Dragland)

Kvart år lagar Forskingsrådet rapportar frå forskingsinstitutta. Kjønnsbalanse i sektoren er eit av emna i rapporten. Det er velkjend at delar av denne sektoren er svært kjønnsdelt, særleg gjeld dette for dei teknisk-industrielle institutta. Difor meiner Komité for kjønnsbalanse i forsking (Kif-komiteen) at det er svært viktig å følgje situasjonen i instituttsektoren tett. Men Forskingsrådet gir ikkje grundige nok opplysningar om situasjonen i sine årsrapportar, meiner Kif-komiteen.

– Når det gjeld rapportane for instituttsektoren, hadde det vore enkelt å gjere det betre. Problemet er at kategoriane som blir brukt i rapportane, er for store og gir for lite nyansert informasjon, seier Ernst Kristiansen, konserndirektør i SINTEF og medlem av Kif-komiteen.

Kvifor er dette eit  problem?

– Ein opplyser berre om kor mange forskarar det er, og kor mange av dei som er kvinner. I forskarregisteret, der denne informasjonen er henta frå, er informasjonen meir differensiert. Der går det fram kva type forskarstilling det er tale om. I universitetssektoren skil ein mellom fire nivå av forskarstillingar, i instituttsektoren er det opptil fire nivå, avhengig av kva type institutt det er tale om. Men i rapporten skil ein berre mellom to nivå.

– Vanskeleg

Johs. Kolltveit, spesialrådgivar i Forskingsrådet, meiner det ikkje er så enkelt å få fram den informasjonen Kristiansen og Kif-komiteen etterlyser.

– Vi hadde møte om dette i fjor, vi var einige om at det skulle hentast ut opplysningar frå forskarregisteret. Og det har vi gjort. Tilsette i hovudstilling med høgare utdanning ved institutta er inndelt i to nivå; toppstillingsnivået og andre stillingar. Toppstillingsnivået omfattar tilsette med doktorgrad og tilsette som ut frå realkompetanse formelt er vurdert til stilling tilsvarande forskar I eller forskar II. Andre stillingar tilsvarar forskar III-nivå og omfattar i tillegg til forskarstillingar også doktorgradsstipendiatar, forskingsassistentar og tilsvarande. For begge desse nivåa har vi tal for kor stor del som er kvinner. Inndeling ut over dette er vanskeleg å få til fordi instituttsektoren ikkje har eit felles lønnssystem.

Kif-komiteen etterlyser statistikk som er differensiert på meir enn to stillingsnivå. Kvifor er det så vanskeleg å få ut denne statistikken?

– Ein får ikkje meir ut av forskarregisteret enn det ein legg inn der. Og grunnen er som nemnt at det ikkje er eit felles lønnssystem for instituttsektoren. Der er det arbeidsmiljøloven som rår, ikkje tenestemannsloven og statens lønnssatsar. Difor er det vanskeleg å få det til.

Kif-komiteen mener at vi trenger en bedre oversikt over hvordan kvinner og menn fordeler seg på stillingstyper i instituttsektoren. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Langvarig dialog 

Heilt sidan hausten 2008 har Kif-komiteen vore i dialog med Forskingsrådet om korleis ein best mogleg kan få oversyn over likestillingssituasjonen i instituttsektoren. Kristiansen meiner det ikkje er nok å vise til at  instituttsektoren ikkje har eit einskapleg stillings- eller lønssystem.

– Dei seier at det er vanskeleg, men det er  meir informasjon som er tilgjengeleg i registeret. Dei burde bruke den også, seier Kristiansen. 

Han meiner Forskingsrådet burde ta ut den informasjonen som er tilgjengeleg, og heller omtale dei atterhalda som er i ein fotnote til statistikkane.

Kan hentast ut

Kolltveit understrekar at han meiner Forskingsrådet har heldt seg til det Kif-komiteen og Forskingsrådet vart einige om på sist møte, men seier at det også vil kunne la seg gjere å få ut enno meir informasjon.

Johs. Kolltveit er spesialrådgivar i Forskingsrådet. (Foto: Forskingsrådet)

– Vi kan sjølvsagt diskutere om det er mogleg å strukturere det som blir lagt inn i forskarregisteret på ein annan måte, og deretter hente ut aggregerte tal som er inndelt slik Kif-komiteen ønskjer.  

Kif-komiteen meiner denne informasjonen er vesentleg. Vil de ta dette inn i neste års rapport?

– Ja, vi kan ta ut all informasjonen som ligg inne i forskarregisteret. Men det er Nifu Step som er ansvarleg for forskarregisteret, og som må ta stilling til korleis dette skal delast inn, seier Kolltveit. 

Oversyn  

Kristiansen understrekar at desse opplysningane er avgjerande for å kunne få oversyn over og følgje likestillingsutfordringane i instituttsektoren.

– Med differensiert statistikk vil vi kunne sjå om ein kan finne eit mønster som er kjend frå andre sektorar, nemleg at det er relativt mange kvinner på dei lågaste nivåa, men at det stadig blir færre jo høgare opp i stillingshierarkiet ein kjem. Men no får vi ikkje vite om det er slik gjennom årsrapportane.

Det vil vere særleg interessant å kunne sjå på desse opplysningane over tid, meiner Kristiansen.

– Informasjonen kan brukast til å lage eit historisk oversyn slik at ein kan sjå korleis kjønnsbalansen har utvikla seg over tid. Dermed blir det også mogleg å vurdere om politikken som blir satt ut i live, har den funksjonen ein ønskjer at han skal ha, seier Kristiansen som understrekar at han meiner det hastar å få Forskingsrådet til å lage meir differensierte statistikkar.

– Det hastar å få ut denne informasjonen, om det blir eit år seinare, vil det ta enno lenger tid før ein får eit samanlikningsgrunnlag når ein skal finne trendar, seier han.