Heile 66 prosent av kvinnene og 60 prosent av mennene med ansvar for små barn oppgav at dei fekk mindre tid til forsking våren 2020. Kjønnsskilnaden svarar til tendensane ein har sett frå andre land, men utslaga i Noreg ser ikkje ut til å vere fullt så store som det ein ser internasjonalt. (Illustrasjonsbilde: iStockphoto)

Effektane av koronapandemien byrjar å bli synlege i akademia

Det er over eitt år sidan ein virusepidemi stengde ned det meste av samfunnet, universitets- og høgskulesektoren inkludert. Forskarar med små barn, som både har undervisningsansvar og skal forske, har kome mest i skvis, syner fersk undersøking.
April 13, 2021
Kvinner er mindre nøgde med måten arbeidsmiljøet er ivareteke på enn det menn er, fortel forskingsleiar Espen Solberg. (Foto: Per Kristian Lie Lowe)

– Resultata frå 2020 er jo på mange måtar imponerande, seier Espen Solberg, forskingsleiar for forsking og innovasjon ved NIFU (Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning). 

Han siktar til tal som viser at det vart avlagt fleire studiepoeng og fleire doktorgrader i 2020 enn nokon gong, og at strykprosenten var historisk låg.

– Men dette har ei bakside: Dei som har hatt undervisningsansvar, har ofra mykje, både forskingstid og familieliv. Samstundes meldar studentane om mindre og dårlegare undervisning. Når det gjeld effektane på forskinga, så trur eg ikkje vi vil sjå dei samla konsekvensane før om fleire år, seier Solberg.

Heimesituasjon viktig

NIFU har fått i oppdrag frå Kunnskapsdepartementet å undersøke handteringa, og konsekvensane, av koronapandemien i universitets- og høgskulesektoren. Rapporten, som vart lagt fram i dag, byggjer på omfattande spørjeundersøkingar mellom studentar og tilsette, og på intervju med representantar for utvalde institusjonar. Solberg har vore prosjektleiar for undersøkinga.

– Vi ser at mykje avheng av korleis ein har hatt det heime, seier han.

Internasjonale undersøkingar har vist at når universitetscampusane stenger ned og folk må jobbe heimanfrå, så er det typisk unge kvinnelege forskarar med barn som har teke den tyngste børa. Også NIFU-undersøkinga viser nokre slike kjønnsskilnader, men dei er meir moderate enn det som kjem fram internasjonalt.

– I vår undersøking er det viktigare om ein har hatt ein eigna arbeidsplass og ein heimesituasjon som gjer det mogleg å arbeide med det ein skal. Vi ser at dei forskarane som både har små barn, har undervisningsansvar og skal forske, dei har kome i skvis, seier Solberg.

Ein tydeleg konsekvens er at denne gruppa har ofra forskingstid og i staden brukt meir tid på å førebu undervisning.

Av dei som hadde ansvar for små barn våren 2020, oppgav 66 prosent av kvinnene og 60 prosent av mennene at dei fekk mindre tid til forsking. Kjønnsskilnaden svarar altså til tendensane ein har sett frå andre land, men utslaga i Noreg ser ikkje ut til å vere fullt så store som det ein ser internasjonalt.

– Dei tilsette har prioritert det dei var heilt nøydde til å gjere, altså undervisning. Vi har høyrt mykje beundring og respekt for denne innsatsen frå leiarar, beundring som blir stadfesta av forskarane i dei opne spørsmåla i spørjeundersøkinga. Samtidig gjev desse frie svara uttrykk for mykje fortviling over ein situasjon som er heilt snudd på hovudet, fortel Solberg.

Misnøye med arbeidsmiljø

I tillegg til den personlege situasjonen i pandemiåret, fekk dei tilsette spørsmål om korleis dei tykte institusjonen deira handterte pandemien. Eit fleirtal meiner dei har fått god informasjon om kva tiltak som til kvar tid gjeld ved arbeidsplassen, og dei opplever at dei lett kunne kontakte næraste leiar når dei trengte det.

Når det gjeld utfordringar knytt til arbeidsmiljø og korleis kjerneoppgåver faktisk skulle utførast, så er misnøya større.

Fleire melder om både fysiske og mentale helseproblem, og om at dei vart overlatne til seg sjølve i arbeidet med å finne løysingar. Her ser ein også nokså tydelege kjønnsskilnadar: Kvinner er mindre nøgde med måten arbeidsmiljøet er ivareteke på, enn menn er.

– I dei opne svara seier mange at dei ikkje har fått god oppfølging, og eg ser i ettertid at vi kunne hatt fleire og meir målretta spørsmål om dette, seier Solberg.

– Truleg er ikkje alt som gjeld arbeidsmiljø, direkte relatert til korona. Når det gjeld studentar, veit vi til dømes at psykososiale problem som angst, depresjon og einsemd, har auka dei seinare åra. Så har pandemien kome på toppen.

Overarbeidde forskarar

NIFU utfører dessutan jamlege tidsbrukundersøkingar mellom forskarpersonell, og dei viser at forskarar allereie før korona hadde lange arbeidsdagar.

– Dette er ei gruppe der mange allereie har skvisa sitronen, og når det då kjem ei ekstra byrde som denne pandemien, er det ikkje så mykje meir å gå på, seier Solberg.

– Det må bli enklare å kombinere jobb og familieliv, men kanskje kan ein også sjå på arbeidsfordeling mellom kjønna i akademia, seier Guro E. Lind, leiar i Forskerforbundet. (Foto: Forskerforbundet)

Dette vart stadfesta i ei undersøking som Forskerforbundet utførte mellom sine medlemmar på tampen av fjoråret. Leiar i Forskerforbundet, Guro Elisabeth Lind, er uroleg for at det siste året kan ha hatt alvorlege konsekvensar for likestillinga i sektoren.

– Vi veit jo at vitskapleg personell jobbar alt for mykje allereie i normalsituasjonen, og det gjeld spesielt kvinner, seier Lind.

Forbundet si undersøking viste at 84 prosent av kvinner og 76 prosent av menn i ordinær vitskapleg stilling oppgav å jobbe meir enn normert arbeidstid før pandemien.

– Mykje av skilnaden er knytt til undervisning, men også ei rad andre aktivitetar som sensur og administrasjon. Det er spesielt påtakeleg i lektorgruppa, der kvinner oppgjev å arbeide mykje meir enn menn – og det er også ei overvekt av kvinner i den gruppa. Kvinner ser også på det å jobbe mykje som eit større problem enn menn gjer, seier ho.

Meirarbeid for kvinner

Akkurat som NIFU-undersøkinga, viste Forskerforbundet si undersøking at pandemien førte til at forskarane brukte meir tid på oppgåver knytt til undervisning, og mindre tid på forsking.

– Eg trur resultata gjev ei god overordna skildring av utfordringane: Ein skal levere digital undervisning, men også reagere raskt på skiftande signal om undervisninga skal vere fysisk eller digital eller begge delar. Det er ein uføreseieleg situasjon som framleis varar ved, og som medfører tilleggsarbeid fordi ein må planlegge for fleire alternativ, seier Lind.

Ho minner om at når regjeringa også har signalisert at dei ønskjer meir studentaktiv undervisning, så vil utviklingsarbeidet som trengst for å kunne levere slik undervisning heildigitalt eller i hybridform, vere enormt.

– Når dei tilsette då var overarbeidde allereie før pandemien kom, så trengst det meir ressursar til å gjere dette på toppen av alt det andre ein skal gjere.

Ho fryktar at denne ekstra børa kan falle meir på kvinner enn på menn.

– I vår undersøking oppgjev kvinner å kjenne seg noko mindre kompetente på digitale undervisningsløysingar enn menn gjer. Samstundes trur dei at studentane får meir utbyte av undervisninga enn menn trur. Vil det seie at kvinnene overkompenserer, at dei jobbar hardare? Det veit vi ikkje, men denne undersøkinga gjev oss mange fleire spørsmål om likestillingsproblematikken, som bør utforskast, seier ho.

Etter meir enn eit år i eit slags limbo, på toppen av det som allereie var ein uhaldbar situasjon for mange vitskaplege tilsette, etterlyser ho no umiddelbar opprydding frå institusjonane.

– Eg meiner at her må institusjonane sjølve ta tak og sette inn langsiktige tiltak. Det må bli enklare å kombinere jobb og familieliv, men kanskje kan ein også sjå på arbeidsfordeling mellom kjønna – og då er det naturleg å starte med lektorgruppa. Er det slik at kvinner gjer meir enn sin del av det akademiske husarbeidet? spør ho, med referanse til slikt som dagleg administrasjon som ikkje er meritterande, men som må gjerast.

Saknar refleksjon

Nettopp strategisk, langsiktig tenking har vore mangelvare under pandemien, viser NIFU si undersøking. Kapasiteten har gått til å løyse umiddelbare problem, og i intervjua – som vart gjort på nyåret 2021 – kom det fram at mange i organisasjonane no er slitne av alle endringane og ønskjer seg eit høve til å reflektere over dei meir langsiktige konsekvensane.

Ein slik langsiktig konsekvens, som både NIFU og Forskerforbundet peikar på, er situasjonen for dei yngre forskarane.

– Stipendiatar og til dels postdoktorar har hatt det vanskeleg. Dei har ikkje undervisningsansvar i like stor grad som mange andre, og har kanskje opplevd å få meir forskingstid, men dei får ikkje brukt tida til det dei skulle, fordi prosjekta er hindra av andre faktorar, seier Espen Solberg i NIFU.

– Dei manglar tilgang til laboratorium, dei får ikkje samla data, og dei får ikkje bygga nettverk. Dette er noko institusjonsleiarane er uroa for. Alle konferansar og reiser har vore avlyst, og framdrifta deira kan ha blitt stogga av at samarbeidspartnarar andre stader ikkje får gjort jobben sin.

Samstundes er dei tilsett i mellombelse engasjement og kan ikkje berre skuve på oppgåvene til eit anna år.

Veit lite om mangfald

Korkje NIFU eller Forskerforbundet har undersøkt konsekvensane av pandemien på mangfaldet i sektoren, men ein veit frå før at det er overvekt av kvinner og av utanlandske forskarar i stipendiat- og postdoktorgruppene.

– Signal frå intervjua tyder på at situasjonen har vore særleg vanskeleg for dei stipendiatane og postdoktorane som kom til Noreg frå utlandet, og som måtte bli verande her utan noko etablert nettverk, seier Solberg.

Han peikar på at studentar ofte har familie å dra heim til, medan stipendiatar gjerne har flytta på meir permanent basis og kan ende i situasjon der dei ikkje kan reise til heimlandet, men heller ikkje bli integrert på arbeidsplassen i Noreg.

Guro Lind i Forskerforbundet er samd i at situasjonen for yngre forskarar er prekær, kvar dei no kjem frå.

– Vi er djupt uroa over at dei unge forskarane blir forseinka. Det får så store konsekvensar, både for samfunnet som går glipp av forsking, og for dei unge som skal inn i eitt av dei tøffaste karriereløpa, i ein sektor der terskelen er høg for å kvalifisere seg til fast jobb, seier ho.

Internasjonale undersøkingar tyder på at dette får alvorlege konsekvensar for likestilling.

– Fleire internasjonale undersøkingar tyder på at tap av forskingstid rammar kvinner sterkast, og ein ser også teikn til at kjønnsulikheit i publisering er blitt forsterka gjennom pandemien. I den grad slike konsekvensar får systematiske utslag på kjønn, så vil det bli ei stor utfordring for samfunnet, sjølv om det førebels kan sjå ut som skilnadane er mindre uttala i Noreg, seier ho.

Meir om NIFUs analyse

NIFUs analyse av konsekvensane av koronapandemien for UH-sektoren:

Analysen byggjer på spørjeundersøkingar til 22 000 studentar og nær 4000 tilsette, i tillegg til intervju med 36 informantar ved tre utvalde institusjonar.

Spørjeundersøkingane vart utført hausten 2020 og dekkjer hovudsakeleg erfaringar frå vårsemesteret 2020. Intervjua vart gjort tidleg i 2021.

Vitskapleg tilsette har brukt svært mykje tid på omlegging til digital undervising. Forsking er blitt nedprioritert.

Trass i ekstrainnsats på undervising har to av tre studentar fått redusert undervisingstilbod.

Det er særleg forskarar i midten av karrieren, som har ansvar for små barn og som ikkje har hatt ein eigna stad å arbeide, som har måtta nedprioritere forskingsaktivitetar.

Sju av ti stipendiatar reknar med å bli forseinka i doktorgradsprosjektet. 40 prosent av stipendiatar og postdoktorar trur pandemien vil ha negative konsekvensar for den framtidige karrieren deira.

Dei fleste intervjuinformantane trur pandemien vil føre til meir digital undervising og mindre reising i framtida.

Undersøkinga vart gjort på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

Les rapporten: Et akademisk annerledesår: Konsekvenser og håndtering av koronapandemien ved norske universiteter og høgskoler (NIFU-rapport 2021:9)

Forskerforbundet
Undersøkinga blei send ut til om lag 10 000 medlemmar ved universitet og høgskular, til saman 37 institusjonar. Undersøkinga blei send ut i oktober 2020, både på norsk og engelsk.

Det var 4 883 personar, 49 prosent av dei spurde, som svarte.

Les rapporten Forskerforbundets undersøkelse av arbeidssituasjonen i UH-sektoren under koronapandemien