– Det er klart at internasjonalisering medfører nokre utfordringar, men eg tykkjer dei store gevinstane ved internasjonalisering har drukna litt, seier professor Carl Henrik Knutsen. Han er ein av forfattarane av ein ny artikkel om haldningar til internasjonalisering i akademia. (Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Vil hauste fruktene av internasjonal­iseringa

Dei siste åra har fleire spurt om det no er nok utlendingar i norsk akademia. Akademiet for yngre forskarar ønskjer heller ein debatt om korleis vi best kan handtere det nye mangfaldet.
September 12, 2019


Carl Henrik Knutsen er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og medlem i Akademiet for yngre forskarar. (Foto: UiO)

Det norske forskingssystemet blir stadig meir internasjonalt, ikkje minst har talet på utanlandske forskarar i norsk akademia auka mykje, og det på kort tid.

Meir internasjonalisering er eit uttala forskingspolitisk mål, men dei siste par åra har vi sett ein debatt der nokre spør om det no er for mange utlendingar i norsk forsking, medan andre snarare meiner vi framleis har mykje å vinne på meir internasjonalisering.

I den samanhengen er det noko av eit paradoks at kunnskapen om korleis internasjonaliseringa har skjedd og kva effektar den har, har vore heller liten. Det var noko av grunnen til at Akademiet for yngre forskarar (AYF) inkluderte spørsmål om internasjonalisering og mangfald i den store spørjeundersøkinga dei sendte ut i 2018 til forskarar under 45 år som var tilsett ved norske forskingsinstitusjonar.

AYF vonar resultata kan medverke til å løfte internasjonaliseringsdebatten opp på eit høgare plan, frå å først og fremst handle om utfordringar knytt til det å ha mange utlendingar i eit fagmiljø, til å handle om mangfald meir generelt. Dei trekk fram at internasjonalisering også bør vere eit høve til å diskutere slikt som makt, representasjon og likebehandling i akademia.

Yngre forskarar positive til internasjonalisering

– Vi trekk til oss mange flinke og produktive forskarar, og personleg tykkjer eg mykje av debatten så langt har vore veldig problemorientert. Det er klart at internasjonalisering medfører nokre utfordringar, men eg tykkjer dei store gevinstane ved internasjonalisering har drukna litt, seier Carl Henrik Knutsen, som er professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

– Og i AYF sin survey ser vi jo at yngre forskarar jamt over er veldig positive til internasjonalisering.

Saman med kollegaene Marta Bivand Erdal ved Institutt for fredsforsking og Arnfinn H. Midtbøen ved Institutt for samfunnsforsking presenterer han resultata frå AYFs undersøking i ein fersk artikkel i Nytt Norsk Tidsskrift, i tillegg til ein lengre og meir detaljert rapport.

Respondentane måtte mellom anna ta stilling til påstanden «I mitt fagfelt er internasjonalisering positivt». På ein skala frå 1 (veldig usamd) til 5 (veldig samd) låg gjennomsnittet på om lag 4,5.

– Samstundes er det ikkje slik at dei seier det går superbra på alle vis. Dette er jo vanskelege og tunge spørsmål. Utfordringar kan møtast på betre eller på dårlegare måtar, og det er det vi vonar å få til: At vi greier å hauste fruktene av internasjonaliseringa, men redusere utfordringane, til dømes dei som er knyta til politikk for norskopplæring, seier Knutsen.

I debatten som har gått om internasjonalisering, er det blitt peikt på at manglande kjennskap til norsk språk og norske samfunnsforhold hos utanlandske forskarar, kan skape utfordringar for universiteta sitt samfunnsoppdrag. Då respondentane vart bedne om å stilling til påstanden «Det er for mange forskarar av utanlandsk opphav i norsk akademia» låg gjennomsnittet på 2,3. Her er altså meiningane meir delte.

Meir mangfald kan gje friksjon

Ein mindre homogen forskarpopulasjon kan gje store fordelar for forskinga, men medfører også risiko for friksjon og forskjellsbehandling. I undersøkinga vart respondentane difor spurt om dei sjølve hadde opplevd diskriminering av ulike slag.

40 prosent svara ja, dei hadde opplevd minst eitt tilfelle av diskriminering dei siste to åra. Av desse svara eit fåtal at diskrimineringa hadde skjedd i samband med formelle prosessar for rekruttering eller opprykk. Langt fleire hadde opplevd forskjellsbehandling i uformelle samanhengar, slik som ufine kommentarar eller ei oppleving av å vere ekskludert i arbeidsmiljøet.

– Potensialet for betring er vanskeleg å måle når ein ikkje har noko klart samanlikningsgrunnlag som kan seie oss kva som er mykje eller lite diskriminering. Men det er likevel verd å merke seg at det er tydelege skilnader mellom grupper, seier Knutsen.

Kvinner rapporterer nemleg meir opplevd diskriminering enn menn, og utanlandsfødde rapporterer meir enn norskfødde. Til dømes har 19 prosent av kvinnene opplevd negative kommentarar, mot 12 prosent av mennene.

Av utanlandsfødde forskarar har 22 prosent opplevd uformell diskriminering, mot 15 prosent av norskfødde. Og diskrimineringa dei meiner seg utsett for, går på nettopp gruppetilhøyrsle: Kvinner opplever diskriminering fordi dei er kvinner, og utlendingar opplever diskriminering fordi dei er utlendingar.

Både det å vere kvinne og det å vere utlending er forbunde med systematisk høgare risiko for å oppleve diskriminering.

– Så det er ikkje slik at her har vi nokre grupper som er spesielt sensitive og føler seg diskriminerte i alle slags samanhengar, desse gruppene rapporterer nokså likt når det gjeld andre faktorar, men akkurat her skil dei seg ut, seier Knutsen.

Mest uformell diskriminering

På eit vis er Knutsen glad for at diskriminering i samband med formelle prosessar ser ut til å vere sjeldnare.

– Men dei uformelle prosessane er også viktige, og kan vere dramatiske for den einskilde forskaren. Og det vi også ser nokså klart, er at opplevd diskriminering får konsekvensar for om forskaren vil tilrå andre å satse på ei forskarkarriere. Så dette kan også få langsiktige følgjer for kva type forskarar vi rekrutterer, peikar han på.

– Dersom dette gjer at flinke kvinner og utlendingar tenkjer seg om ein ekstra gong før dei satsar på ei forskarkarriere i norsk akademia, så risikerer vi å miste nokre av dei beste hjernane.

Uformell forskjellsbehandling kan vere vanskeleg å ta fatt i. AYF vonar at rapporten deira kan bidra ved å auke merksemda om utfordringane. Det kan til dømes hende at mykje opplevd uformell diskriminering er eit resultat av uforstand eller tankeløyse, og ikkje av vond vilje.

– Mykje av det som handlar om uformell diskriminering skjer jo på arbeidsplassen, og det kan vere vanskeleg for ein statsråd eller ein rektor å vite kva som rører seg. Så meir medvit om dette, også hos den jamne forskar og hos leiarar på lågt nivå, kan i seg sjølv vere viktig.

– Dessutan tenkjer eg at leiarar på alle nivå i sektoren må tenkje på konkrete tiltak. Det er ikkje lett, for tiltak på eitt område kan få uføresette konsekvensar på andre område. Men det er viktig at vi diskuterer vidare korleis vi kan gå fram for å hauste fruktene av internasjonalisering på best mogleg vis, meiner Knutsen.

Må motverke gruppe-effektar

Akademia er ein sektor som er prega av sterk konkurranse. Er det realistisk å tru at vi kan få eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø i ein slik samanheng?

– Det er neppe grunn til å tru at all diskriminering vil forsvinne, men eg trur likevel vi har mykje å gå på. Spesielt er det uheldig at nokre grupper kjenner seg meir diskriminerte enn andre, seier Knutsen.

– Når det ser ut til at vi greier å halde prosentdelen norskfødde menn som kjenner seg diskriminerte, relativt låg, så burde det vere mogleg å bringe dei andre gruppene ned mot same nivå. Vi kan alle kome i skade for å slenge ut ein kommentar iblant, men det er jo ingen grunn til at kvinner skal vere mottakarar av dei kommentarane oftare enn menn. Det er i alle fall farleg å ikkje ha nokon ambisjon om å gjere det betre!

Les meir

12. september 2019 arrangerer Kif-komiteen i samarbeid med Akademiet for yngre forskarar (AYF) og Institutt for fredsforsking (PRIO) eit frukostseminar om mangfald i akademia: Yngre forskeres erfaringer med internasjonalisering, diskriminering og seksuell trakassering

Resultat frå AYF si spørjeundersøking om internasjonalisering, mangfald og diskriminering blir lagt fram til diskusjon på seminaret.

Undersøkinga viser at yngre forskarar i Noreg er positive til internasjonalisering, men at dei også ser utfordringar ved utviklinga. Samstundes viser undersøkinga at utanlandsfødde forskarar opplever klart meir diskriminering enn norskfødde.

Les rapporten Rom for mangfold i akademia?

Hovudtrekk frå undersøkinga er også publisert i artikkelen Internasjonalisering, mangfold og diskriminering i norsk akademia i Nytt Norsk Tidsskrift.

Nokre saker om internasjonalisering frå andre medier: