Kjerstin Gjengedal

Email: 
Med klimakrisa som bakteppe krev universitetstilsette at bruken av flyreiser må ned. Kan det gje oss betre likestilling i same slengen?
26. april 2019

Ein ny studie frå USA viser at kvinner og menn møter forskingsresultat om kjønnsdiskriminering med ulike blikk.

18. desember 2015

Regjeringa la fram stortingsmeldinga «Likestilling i praksis» i starten av oktober. Medan meldinga presenterer ei god skildring av situasjonen i akademia, skortar det på både tiltak og pengar til likestillingsarbeid.

30. november 2015

Strukturreforma i universitets- og høgskulesektoren er i full gang, og fleire institusjonar står midt oppe i store samanslåingsprosessar. Kva skjer med likestillingsarbeidet når institusjonar slår seg saman?

06. oktober 2015

Ideen om at akademiske institusjonar er bygd på merittar, der den beste kandidaten alltid får jobben, kan paradoksalt nok vere med på å hindre kjønnslikestilling i akademia.

25. august 2015

Over heile verda blir naturvitskap oppfatta som ein aktivitet som passar best for menn, viser ein ny studie. Lyspunktet er at stereotypiane er svakare i landa med flest kvinnelege forskarar og naturvitskapsstudentar.

09. juni 2015

Kif-komiteen sin strategi for arbeidet med kjønnsbalanse og etnisk mangfald i forsking fram mot 2017 er ferdig. Tilbakemeldingar frå sektoren viser at institusjonane set pris på ein aktiv komité, men skulle ønske at omgrepet «etnisk mangfald» var tydelegare.

15. april 2015

Då Forskingsrådet nyleg peika ut 17 nye senter for forskingsdriven innovasjon, hadde ein tredel av dei nye sentera kvinneleg leiar. Forskingsrådet meiner bevisstgjering er hovudårsaka til auken.

24. mars 2015

Etter at statlege premieordningar for likestillingsarbeid i akademia er blitt fjerna, er det no opp til kvar enkelt institusjon å betre kjønnsbalansen i akademiske toppstillingar.

16. desember 2014

Då VG presenterte landets 20 fremste fagøkonomar, fanst det ikkje ei einaste kvinne mellom dei. – Økonomi er eit mannsdominert fag, stadfestar økonom Karen Helene Ulltveit-Moe ved Universitetet i Oslo.

09. desember 2014

Frå hjelp med opphaldsløyve til krasjkurs i norsk kultur: Forskingsinstitusjonane legg stadig meir arbeid i tilrettelegging for internasjonale arbeidstakarar.

07. november 2014

Dei siste ti åra har talet på utanlandske forskarar i Noreg eksplodert. Det er i tråd med offisielle målsettingar, men vi veit førebels lite om kva det har å seie for norsk forsking.

20. oktober 2014