– Svært positivt

Stortingspolitikarar rosar Forskingsrådet si kvinnesatsing, men vil ikkje garantere løyvingar til prosjektet.  

Gunn Karin Gjul er leiar av Familie- og kulturkomiteen og har likestilling som eitt av arbeidsområda. (Foto: Stortinget)

Forskningsrådet si nye satsing på rekruttering av kvinner, BALANSE, får lovord frå stortingspolitikarane.

– Det er svært positivt, seier Gunn Karin Gjul, leiar i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget og representant for Arbeidarpartiet.

Den ambisiøse kvinnesatsinga har ei lang forhistorie. I 2003 vart eit prosjekt med øyremerking av vitskaplege stillingar til kvinner stoppa av Efta-domstolen. Dette er Forskingsrådet si mest ambisiøse kvinnesatsing sidan då. Prosjektet vart vedteke i Forskingsrådet sitt hovudstyre i november i fjor, men for å kunne gjennomføre prosjektet som planlagt er Forskingsrådet avhengig av støtte frå Kunnskapsdepartementet.

– Etter at Noreg ikkje fekk lov til å vidareføre kvoteringssystemet sitt som følgje av Efta-dommen i 2003 har eg sakna tiltak for å rekruttere kvinner innanfor akademia. Difor synest eg initiativet frå Forskingsrådet er svært spennande, seier Gjul. Det ho synest er mest interessant, er at det er så breitt.

– Breidda er det som er bra. Forskingsrådet legg opp til å gå inn med fleire
tiltak samstundes. Det er bra at ein både satsar på å få kvinner opp, og på fagområde som det tidlegare har vore vanskeleg å rekruttere kvinner til. Det er openbart at det er eit slags glastak innanfor forskingsverda som kvinnene stangar hovudet i, om det no er at dei ikkje blir anerkjent for dei kvalifikasjonane dei har, eller at dei ikkje søkjer seg vidare sjølv, seier Gjul, som understrekar at ho ikkje kan garantere ekstra løyvingar til prosjektet.

– Eg kan ikkje love pengar. Som leiar for Familie- og kulturkomiteen arbeider eg opp mot eit anna fagdepartement enn Kunnskapsdepartementet. Men eg synest det er eit viktig initiativ og eg håpar at det blir følgt opp, og at Forskingsrådet brukar dei pengane dei har sett av til det, seier ho.

Tredelt satsing

Forskingsrådet sitt nye initiativ har tre hovuddelar. Den første er ei stipendordning for å fremje merittering av kvinner etter postdoktoratnivå. Stipendet skal også brukast til å auke mobiliteten mellom forskingsverda og næringsliv, og over landegrensene. Den andre delen går ut på å auke andelen av kvinner innanfor forskingsleiing. I tillegg er det eit mål å auke kompetansen på likestilling blant forskingsleiarar av begge kjønn. Den tredje delen handlar om å få meir kunnskap om dei mekanismane som gjer at kvinner blir borte på vegen mot toppstillingar. Mellom anna skal problemstillinga knytt til mellombels stillingar undersøkast.

Senterpartiet positive

Anne Tingelstad Wøien, Senterpartiet sin representant i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, gleder seg over Forskingsrådet si kvinnesatsing. 

Medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen for Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien. (Foto: Stortinget)

– Eg synest det er veldig positivt. Det er behov for å få kvinner inn forskingstoppen. Slik kan ein også vere med på å skape fleire kvinnelege førebilete, seier Tingelstad Wøien. Ho legg til at ho synest det er svært viktig med satsing på rekruttering av kvinner til toppstillingar no, ettersom stadig fleire jenter og kvinner vel å ta høgare utdanning.

Vil du gå inn for at Forskingsrådet får ei ekstra løyving slik at dei kan gjennomføre prosjektet slik det er planlagt?

– Eg kan ikkje love pengar her og no, vi i Senterpartiet løyver jo ikkje pengar åleine. Det må bli ei sak vi vurderer i budsjettsamanheng. Men Forskingsrådet må gjere sine prioriteringar. Eg reknar no uansett med at forskingsrådet prioriterer eit så viktig prosjekt innanfor budsjetta sine, seier Tingelstad Wøien.

Tek det med seg

– Dette prosjektet har eg verkeleg sansen for, seier Aksel Hagen, SV sin representant i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.

– Vi hadde jo håpa at Noreg skulle vinne den saken mot Efta-domstolen den gongen, men slik gjekk det ikkje. Men for oss er det eit viktig politisk og etisk prinsipp å hjelpe kvinner opp og fram, seier Hagen.

Han trur at Forskingsrådet si kvinnesatsing vil kunne få stor positiv ringverknad.

SV sin representant i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, Aksel Hagen. (Foto: Stortinget)

– Eg trur at dette prosjektet også kan vere med på å auke kvaliteten til forskinga i Noreg. Forskingsverda må rekruttere breitt og vere relevant for samfunnet. Forskinga må i størst mogleg grad spegle samfunnet vårt. Det er viktig at vi får med det kvinnelege blikket og kvinner sine levde liv i forskinga, seier Hagen.

Han legg til at han ikkje er sikker på om Forskingsrådet sitt tiltak er omfattande nok til å lukkast med å nå måla sine.

– Om dette er nok til å lukkast er eg ikkje heilt sikker på. Ein må vurdere undervegs om dette er kraftig nok lut.  Men no har i alle fall Forskingsrådet teke eit initiativ, og då er det viktig at forskingsinstitusjonane også gjer sitt for å få dette til å fungere.

Vil du gå inn for å gi ei ekstra løyving til dette prosjektet?

– Eg  kan ikkje løyve pengar til dette her og no, men dette er noko vi tek med oss når vi diskuterer budsjettet framover. Viss desse tiltaka ikkje er kraftig nok lut, må vi politikarar inn med meir pengar, det er sikkert, avsluttar Hagen.

Åtvarar mot detaljstyring

Også Høgre er positive til prosjektet, men partiet er skeptisk til at Stortinget skal løyve pengar til enkeltprosjekt gjennom Forskingsrådet.

Henning Warloe, medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen for Høgre. (Foto: Stortinget)

– Dette verkar som eit fornuftig initiativ frå Forskingsrådet si side. I Høgre trur vi prinsipielt at alle delar av samfunnet fungerer betre når det er kjønnsbalanse. Vi meiner det er naudsynt med særskilde tiltak på område der det er utfordringar, anten det er kvinnene eller mennene som er i mindretal, seier Henning Warloe, medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen for Høgre.

Warloe understrekar at partiet hans til vanleg har lite til overs for å løyve pengar til enkeltprosjekt.

– I Høgre er vi generelt kritisk til mykje øyremerking av middel. Forskingsrådet har alt svært mange bestillingar frå politikarane, men ettersom dette er Forskingsrådet sitt eige initiativ helsar eg det velkomen. Eg blir mindre skeptisk då, seier Warloe.

Warloe seier at han synest 20 millionar er eit greitt årsbudsjett, men at han er usikker på om han vil gå inn for opptrapping av budsjettet til 50 millionar årleg, slik Forskingsrådet legg opp til.

– 50 millionar høyrest mykje ut. Denne sektoren har også mange andre utfordringar, og desse pengane vil også kunne kome godt med der. Samstundes er pengane ein liten del av Forskingsrådet sitt totalbudsjett, seier Warloe.

Lovar ingenting

Marianne Aasen, leiar for Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget ønskjer ikkje å kommentere saka. Ho seier via sin rådgjevar Thomas Strandberg, at sjølv om Arbeidarpartiet meiner at likestilling er viktig, reknar dei dette som eit budsjettspørsmål som må inn i dei ordinære budsjettforhandlingane. Difor ønskjer dei ikkje å kommentere saka nett no, men heller ta stilling i den ordinære budsjettbehandlinga.

 

BALANSE

Forskingsrådet si satsing Kjønnsbalanse i toppstillinger og forskningsledelse (BALANSE) har eigne nettsider. Nettsida blei lansert i mars 2011.

Se også