Snakk om seksuell trakassering

Seksuell trakassering på arbeidsplassen kan bli verre om ein ikkje spør etter det, hevdar forskar. Ho får støtte frå svenske utdanningsinstitusjonar. Ved Uppsala universitet har dei lært opp meir enn 3000 tilsette om seksuell trakassering dei siste ni åra. Og etterspurnaden etter kunnskap er aukande.

Å la vere å spørje om seksuell trakassering på arbeidsplassen kan forsterke problemet. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com)

– Problema forsvinn ikkje om ein lukkar auga for dei. Arbeidsgivaren må våge å ta tak i desse problema, stille spørsmål og ha mot og beredskap til å ta imot og høyre på svara. Det er veldig stille om dette – altfor stille, seier forskar Gunilla Carstensen.

Ho er ei av dei få i Norden som har forska på seksuell trakassering i akademia, og har mellom anna har intervjua kvinnelege doktorgradsstipendiatar om deira opplevingar av seksuell trakassering.

Kvir seg

Akademia er blant arenaene kor Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) har erfart at problemet med seksuell trakassering er stort. Likevel viste den forrige saka vår at mange norske lærestader kvir seg for å spørje om seksuell trakassering i medarbeidarsamtaler og medarbeidarundersøkingar. Lærestadane grunngir dette med at det mellom anna er vanskeleg å formulere spørsmål som fangar opp problemet på ein god måte, og at ein i anonyme medarbeidarundersøkingar ikkje har høve til å følgje opp enkelttilfelle slik likestillingslova krev. Konsekvensen er at fleire norske lærestader lèt vere å spørje om seksuell trakassering og i staden festar lit til generelle varslingsrutinar og etiske retningsliner.

Eit ugyldig problem

– Seksuell trakassering blir på ulike måtar ugyldiggjort som eit problem i akademia. Erfaringar av krenkingar og overgrep blir marginalisert og hysja ned. Samstundes er det tydeleg at desse opplevingane er ein del av kvardagen til fleire tilsette og studentar, seier Carstensen.

Forskinga hennes visar at seksuell trakassering blir sett på som eit generelt problem, i tydinga at slikt sikkert hender ein eller anna stad. Det blir ikkje rekna som eit nærverande og eksisterande problem i den akademiske kvardagen.

– Det er viktig å sjå seksuell trakassering som eit arbeidsmiljøproblem og ikkje som noko «feil» i relasjonen mellom gjerningspersonen og den som blir utsett. Det har ikkje noko med «personkjemien» å gjere, men seier noko om arbeidsmiljøet og kulturen på arbeidsplassen, ifølgje Carstensen.

Ikkje heile biletet

Den første svenske undersøkinga om seksuell trakassering kom 1987. 25 år seinare finst det lite forsking på seksuell trakassering i akademia i Sverige - i Noreg eksisterer det knapt. Det som finst er eit par interne undersøkingar ved Universitet i Bergen og Universitetet i Oslo.

– Området «seksuell trakassering» er dominert av eit kvantitativt perspektiv med fokus på omfang og enkelttilfelle, noko som risikerer å forsterke oppfatninga av seksuell trakassering som eit veldefinert og klart avgrensa problem, seier Carstensen.

– Mi oppfatning er at forsking på desse spørsmåla framleis er i sin barndom. Mykje står att, både når det gjeld synleggjering og problematisering, teoretisk så vel som empirisk.

Telefonen som forsvann

Men korleis skal ein få vete noko om seksuell trakassering når dei færraste ynskjer å snakke om det? Etter ei trakasseringssak ved Universitetet i Oslo (UiO) i 2009 som fekk mykje merksemd i media, oppretta universitetet ein eigen varslingstelefon for seksuell trakassering. Ein månad seinare meldte P4-nyheitene at ingen hadde ringt den nye telefonen. No annonserer ikkje UiO lenger for ein slik telefon på sin nettstad og telefonnummeret frå 2009 fungerer ikkje.

– Kva er det som gjer det vanskeleg å snakke om eller rapportere seksuell trakassering i forskingssektoren?

– Delvis handlar det om skam og skuldkjensle. Den utsette vil ikkje sjå seg sjølv som eit offer. Spesielt ikkje om det er ein arbeidsplass kor den ideelle arbeidstakaren skal vere sjølvstendig og kompetent, i tråd med forskaridealet ved universiteta. Å seie frå at ein er blitt trakassert går ikkje overens med ideala på slike arbeidsplassar, forklarar Gunilla Carstensen.

Seksuell merksemd som trivsel

– Det kan òg ha å gjere med den sterke førestillinga av at på jobben er det formelle meritter og kompetanse som betyr noko, ikkje kjønn. Dette gjer det vanskeleg å kalle somme hendingar for trakassering og krenkingar.

Gunilla Carstensen, forsker ved Högskolan Dalarna. (Foto: privat)

Carstensen meinar det dessutan kan handle om forventingar om at kvinner skal like seksuell merksemd, og at det på sett og vis er ein del av det sosiale trivselsspelet mellom kjønna. Det kan gjere det vanskeleg å gå imot desse normene og bryte sjargongen på ein arbeidsplass.

Svenskane spør

I likskap med norske arbeidsgivarar og utdanningsinstitusjonar er svenskane plikta til å ta tak i tilfelle av seksuell trakassering og drive førebyggjande arbeid. Verken Uppsala universitet eller Stockholms universitet i Sverige ser noko problem med å spørje om seksuell trakassering i sine medarbeidarsamtalar og -undersøkingar. Dei spør òg om negativ handsaming grunna andre diskrimineringsgrunnlag. Annika Lindé, sjef for Enheten för lika vilkår ved Personalavdelinga ved Uppsala universitet, peikar på at tiltak mot seksuell trakassering ikkje treng å koste skjorta.

– Det er mi erfaring at jo tidlegare ein set inn tiltak, jo billigare blir det for organisasjonen. Ein negativ situasjon som ikkje blir tatt hand om inneber ofte sjukemeldingar og krev ein masse energi og arbeidstid for dei som er involvert i saka, seier ho.

Lindé har i om lag ni år lært opp meir enn 3000 tilsette ved det svenske universitetet om seksuell trakassering og fortel at etterspurnaden etter kunnskap er aukande.

– Somme gonger krev det berre ein eller to samtaler frå personalavdelinga si side for å betre tilhøva, andre gonger har vi kontakt over relativt lang tid. I dei tilfella som ikkje blir drøfta av juristane våre fokuserer vi først og fremst på kva vi kan gjere framover for å betre tilhøva, framfor å finne ut akkurat kva som skjedde, forklarer Lindé.

Mørketal

Uppsala universitet tek imot om lag 35 til 40 meldingar per år knytt til trakassering grunna kjønn, inkludert seksuell trakassering. Av desse sakene er det berre ein til tre som blir utreda av den juridiske avdelinga ved universitetet. Ein av grunnane til det er at ei slik utgreiing i prinsippet er fullt open for offentleg innsyn, ifølgje Lindé.

– Men dei sakene som kjem til oss er naturlegvis ikkje heile biletet. Det er vanskeleg å seie kor store mørketala er.

Stockholms universitet har på si side fått inn 14 meldingar frå studentar som meiner seg seksuelt trakassert og tre meldingar frå tilsette, men også her finst det mørketal, ifølgje Anna Jutterdal som er likestillingssamordnar ved universitetet.

Ord og handling

– Har du inntrykk av at seksuell trakassering er noko ein pratar om ved Stockholms universitet?

– Personalavdelinga og studieavdelinga heldt i 2011 seminar om seksuell trakassering for studentar og tilsette. Her fekk deltakarane Stockholms universitet si brosjyre om temaet. Elles gir personalavdelinga årleg opplæring i arbeid mot seksuell trakassering for verneombod, nytilsette og nye sjefar. Personalavdelinga og studieavdelinga tilbyr også seminar og workshops for institutt og andre einingar som ynskjer det, seier Lindé.

Gunilla Carstensen hevdar at lærestadene framleis kan gjere meir og det ikkje alltid er samsvar mellom ord og handling.

– På ein måte blir desse problema tatt på alvor i form av retningsliner, rutinar og stryringsdokument. I praksis kan den utsette bli møtt med mistanke inntil ho eller han når den «rette» personen. Kor vidt organisasjonen tek det på alvor og gjer tilstrekkeleg kan henge saman med kven som er skulda. Er det ein person som organisasjonen tidlegare har hatt problem med blir det tatt meir alvorleg enn elles. Det same gjeld den som har blitt trakassert.

Artikkelserie

Ressursbanken set søkjelyset på seksuell trakassering i akademia. Dette er den andre saka i serien. I lenkene under kan du lese dei andre sakene i serien.

Norsk lovverk

Forbodet mot seksuell trakassering kom inn i likestillingslova i 2002. Det inneber mellom anna at leiinga i utdanningsinstitusjonar er plikta til å førebyggje og søkje å hindre seksuell trakassering. Men Likestillings- og diskrimineringsombudet (LDO) kan likevel ikkje hjelpe dei som blir seksuelt trakassert, berre ettersjå om pliktene til å førebyggje og hindre blir følgde opp.

Seksuell trakassering er i dag den einaste forma for trakassering der LDO og den tilhøyrande nemnda ikkje kan handsame og ta stilling i individuelle klagetilfelle. Dette inneber at den som har vore utsett for seksuell trakassering ikkje får tilgang til det same lavterskeltilbodet som elles gjeld for diskrimineringssaker, men må søkje hjelp i rettsvesenet.

Både LDO og NOU 2011:18 Struktur for likestilling føreslår ei endring av denne praksisen.