Gjer porten vid

Frå hjelp med opphaldsløyve til krasjkurs i norsk kultur: Forskingsinstitusjonane legg stadig meir arbeid i tilrettelegging for internasjonale arbeidstakarar.

Forskingsinstitusjonane legg stadig meir til rette for utanlandske forskarar som kjem til Noreg. Dei hjelper til med alt frå immigrasjonsreglar og skatt til barnehage og helsetenester. (Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

‒ Den kanskje største endringa som har skjedd sidan eg byrja arbeide med dette i 2006, er at institusjonane ser stadig fleire sider ved immigrasjonsprosessen som eit institusjonelt ansvar. Vi vil jo gjerne tiltrekkje oss dei flinke utlendingane, og god tilrettelegging gjer det meir sannsynleg at dei veljer oss, seier Kathrine Vangen.

Ho arbeider med forskarmobilitet ved personalavdelinga ved NTNU, og er også for tida koordinator i den norske delen av Euraxess, eit europeisk initiativ som skal leggje til rette for fri flyt av forskarar i Europa, og som i Noreg blir koordinert gjennom Forskingsrådet.

‒ Internasjonaliseringa som skjer framfor augo på oss, stiller store krav til institusjonane. Men det er framleis mykje som kan bli betre. Når det gjeld sjølve immigrasjonsprosessen, har ulike grupper ulike behov. Ved NTNU samarbeider vi med politi og utlendingsstyresmakter om å skaffe personnummer og skattekort. Det er kurante saker, men tek ofte tid, seier ho.

Vil fjerne hindringar

Euraxess kom i stand i 2005 som ein del av det europeiske forskingsområdet (European Research Area, ERA), som Noreg er ein del av. Eit tjuetals norske forskingsinstitusjonar har signert Euraxess-avtalen, som pålegg dei å stille opp med praktiske råd og hjelp for å sikre at forskingspersonell kan flytte på seg så smertefritt som råd.

Kathrine Vangen jobbar med forskarmobilitet på NTNU. (Foto: NTNU)

Men tiltak for å trekke internasjonale arbeidstakarar er blitt viktig for dei fleste forskingsinstitusjonar, anten dei har signert Euraxess-avtalen eller ei. NHH er eit døme på det siste.

‒ Vi er no i gang med å implementere den nye internasjonale strategien vår, der integrering av utanlandske tilsette og studentar er noko av det vi skal jobbe med, seier prorektor ved Noregs handelshøgskule (NHH), Sunniva Whittaker.

‒ Internasjonal rekruttering har vore ein strategi for oss over fleire år. Innanfor faga våre er det hard konkurranse om dei beste hovuda, og det er ein fagtradisjon å reise utanlands på messer og leite etter dei interessante kandidatane. Ein må ha noko å tilby, og eit internasjonalt arbeidsmiljø kan vere eitt av fleire slike gode. Tidlegare har mottak og integreringstiltak først og fremst blitt gjort på instituttnivå. No jobbar vi systematisk med å finne «beste praksis» ved institutta og implementere dei sentralt på NHH.

Norsk og engelsk om einannan

NHH samarbeider om praktiske tiltak med Bergensavdelinga av International Network of Norway, (INN), eit servicekontor som vart oppretta under Oslo handelskammer i 2005 og sidan har spreidd seg til handelskammera i ei rekkje norske byar. Dei tilbyr praktisk hjelp til bedrifter med utanlandske tilsette, frå oppmøte på flyplassen til hjelp med papirarbeid, bustad og å bli kjend med norske tilhøve.

Prorektor ved Noregs handelshøgskule, Sunniva Whittaker. (Foto: Eivind Senneset)

I takt med at talet på utanlandske forskarar i Noreg har auka, er bruken av engelsk som arbeidsspråk også blitt meir utbreidd. NHH har, som dei fleste andre institusjonane, fått språklege retningsliner som  legg opp til parallellspråklegheit, der norsk og engelsk blir brukt side om side.

‒ Vi gjev tilbod om norskkurs, men alle skal få intern informasjon på eit språk dei forstår. Nokre institutt har byrja å halde instituttstyremøta på engelsk for å involvere dei internasjonale tilsette meir. No jobbar vi også med å bli flinkare til å bruke dei internasjonale i utval og liknande, slik at dei blir integrerte ikkje berre ved sitt eige institutt, men i heile organisasjonen, seier Whittaker.

Raskare opphaldsløyve

Universitetet i Bergen (UiB) opna sitt Euraxess servicekontor i januar 2013. Dit kjem det spørsmål om alt frå immigrasjonsreglar og skatt til barnehage og helsetenester.

Signe Knappskog leiar Euraxess servicekontor på Universitetet i Bergen. (Foto: UiB)

‒ Vi blir kontakta både av dei utanlandske arbeidstakarane sjølve, og av institutta deira. Spørsmåla kjem i alle fasar av prosessen, før, under og etter flytting, fortel rådgjevar Signe Knappskog som leiar kontoret ved UiB.

Kontoret tilbyr ulike kurs og aktivitetar, og samarbeider med INN i Bergen, som også arrangerer aktivitetar for utanlandske tilsette.

Som fleire andre forskingsinstitusjonar held UiB kulturkurs, der norske sosialiseringsformer i og utanfor arbeidslivet blir sette på spissen.

‒ Vi prøver å ikkje berre forklare korleis ting er, men også kvifor dei er som dei er. Vi får gode tilbakemeldingar på at kursa er nyttige. Men også dei norske tilsette kan ha godt av å bli merksame på kulturskilnader, seier ho.

Knappskog peiker på at dei institusjonelle tiltaka går parallelt med at samfunnet utanfor også endrar seg.

‒ Å søke om opphald for høgt utdanna utanlandske arbeidstakarar er blitt mykje enklare. Tidlegare tok dei fleste søknadar lang tid, det var vanskeleg å få kontakt med immigrasjonsmyndigheitene, og det var minimalt med informasjon. Dette har betra seg mykje, både takka vere elektronisk sakshandsaming og forenkla reglar for EU-borgarar og for faglært arbeidskraft, og fordi UDI er blitt mykje meir serviceretta. No tek dei fleste sakene rundt ein månad, fortel ho.

Fakta

Mobilitet set nye kompetansekrav til institusjonar som vertskapsaktørar for internasjonale forskarar og som sendarar av medarbeidarar til utanlandske forskingsinstitusjonar.

EURAXESS Services Network dannar møteplassar for å utveksle erfaringar, slik at apparatet for mottak og utsending av forskarar skal bli betre. Nettverket er etablert i 38 europeiske land.

EURAXESS Services Network har to hovedoppgaver:

  1. Gje informasjon og assistane til mobile forskarar og familiane deira i spørsmål om skatt, trygd, pensjon, arbeids- og opphaldsløyve og andre praktiske forhold.
  2. Nettverket skal spele ei sentral rolle med å fange opp problemstillingar og kome med nye løysingar i arbeids-, velferds og personalpolitikken. 

Kjelde: Euraxess Norway

Se også